Sandvikvåg Næringspark AS har inngått avtalar med Hydrogen Solutions (HYDS) og NorSea Group om utvikling, drift og etablering i det nye næringsområdet som er i støypeskeia nordaust i Fitjar.
Etter å ha sikra seg eit vel 150 mål stort område mellom E39 og Færøyosen, like aust for Sandvikvåg ferjekai, har Sandvikvåg Næringspark AS signert intensjonsavtalar med NorSea Group og HYDS om etablering i det nye næringsområdet. NorSea skal ta del i utviklinga og er tiltenkt rolla som drivar av industriparken, medan HYDS ønsker å etablera produksjon av grønt hydrogen.
– I Sandvikvåg Næringspark har me alle moglegheiter til å skapa eit kraftsenter for alt frå grøn energi til blå vekstnæringar og framtidige olje- og gassprosjekt. Området ligg attraktivt til midt i «vegkrysset» mellom Selbjørnsfjorden og Langenuen, med kort veg inn og ut frå Nordsjøen, påpeikar dei tre samarbeidspartnarane.
For å koma i gang med utbygginga av det nye næringsarealet, er ABO Plan & Arkitektur Stord AS engasjert til å utarbeida reguleringsplan. Ønsket er at planen skal omfatta heile det 150 mål store området næringsparken har opsjon på – inkludert strandlinje og kaianlegg.
Stort behov for infrastruktur med tilgang til sjø
Øyvind Bjørnevik, konserndirektør for eigedom i NorSea Group, framhevar særleg tre næringar som aktuelle for næringsparken: Olje og gass, havvind og akvakultur. Han peikar på at utsiktene for den norske olje- og gassindustrien er gode, både på kort og lang sikt. Noreg har i tillegg ein ambisjon om å bygga ut 30 GW havvindkraft innan 2040, og styresmaktene ønsker ein kraftig vekst i produksjonen til havbruksnæringa innan 2050 – der mykje av veksten må skje i form av oppdrett ute til havs og på land.
– For å realisera alle prosjekta og skapa den ønskte veksten i havnæringane, er det eit stort behov for infrastruktur med tilgang til sjø. I dag er det mangel på slike areal i Sunnhordland og langs resten av kysten. Sandvikvåg Næringspark vil derfor utgjera ein viktig tilvekst, gjennom tilgangen til hovudleia til sjøs og E39 på land, kapasiteten til å gjennomføra arealintensive prosjekt, konkurransedyktig seglingsdistanse til havvindområde og olje- og gassfelt, og korte avstandar til ei rekke oppdrettslokasjonar. Med hydrogenplanane til HYDS har me òg moglegheit til å utvikla området til ein fornybar og grøn næringspark, meiner Bjørnevik.
Ein ideell stad for grøn hydrogendrift
HYDS (Hydrogen Solutions) vurderer ulike alternativ for hydrogensatsinga nord i Fitjar.
– Me ser på moglegheitene for å etablera både produksjon, lagring og distribusjon av grønt hydrogen. Sandvikvåg er svært godt eigna for distribusjon både til den maritime næringa, industrien, og tungtransporten på land, og me ser på løysingar for ein energiterminal. Staden ligg også ideelt til for ein bunkringsstasjon til fartøy som går på hydrogen, seier dagleg leiar Thor Henrik W. Hagen og prosjektdirektør Øyvind Dale i HYDS.
– I tillegg vil biprodukt frå hydrogenproduksjonen, til dømes oksygen og spillvarme, kunna nyttast av naboverksemder. Det vil bidra til å redusera utslepp og gi parken ein endå grønare profil, legg HYDS-duoen til.
40-50 nye arbeidsplassar, aukande til 100-150
Sandvikvåg Næringspark, NorSea og HYDS estimerer at det nye næringsområdet i første omgang kan skapa ein stad mellom 40 og 50 faste arbeidsplassar. Då er det berre rekna inn arbeidskraft som trengst til hydrogenproduksjon og -distribusjon, hamneaktivitetane og eit landbasert oppdrettsanlegg. Eventuell sysselsetting frå dei andre industritomtene og prosjektrelaterte arbeidsplassar er ikkje med i kalkylen.
– Med Sandvikvåg Næringspark har Fitjar ein flott sjanse til å få med seg to viktige aktørar på ei framtidsretta satsing som vil gje kommunen arbeidsplassar og verdiskaping. Me håpar at me saman med kommunen, fylket og statsforvaltaren greier å meisla ut ein god reguleringsplan som legg grunnlaget for ei utbygging, seier Kurt Arne Tyse og Erling Prestbø i Sandvikvåg Næringspark AS. Selskapet vil om kort tid ha på plass fitjarbu og eksordførar Agnar Aarskog som ny styreleiar.
